Meny:

 

Plakat`n kan du nytta for å få informasjon over kva som hender i området. Eller kanskje du har noko du ynskjer dela med oss andre?

Gå til Plakat`n!

 

Ynskjer du leiga Grendahuset og vil ha ei rask oversikt over når huset er ledigt?

Gå til Kalendar`n!

 

for kontakt med oss kan du enkelt og greitt senda ein e-post!

Ta kontakt!

 

 

 

 

Frå eldre tider!

Her vil du etter kvart finna utdrag frå gamle møte,- & lagsbøker og liknande. Kanskje du har nokre gamle bilder me kunne synt fram her? Om du manglar scannar for å få dei digitalisert kan eg hjelpa!

 

 

    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 13.februar 2009

 

 

 

 

 

 

 

Eidsland Grendalag sine heimesider. Sideansvarleg er Bjørn Arvid Ekse

Fotoalbum: 

Det byrja med Eidsfjord Mållag. Her fyl ei avskrift frå ei lagsbok frå byrjinga av 30-talet:

 

Møtebok for Eidsfjords Mållag

 

Sundag 22de januar 1933, vart det helde årsmøte i Eidsfjords Mållag. Der teikna seg ein del nye medlemar. Møte byrja med songen ” Vakna, vakna”, der etter las formannen, Gunnar Nesse upp ”Ervingen”. Kassastyraren, Guttorm Lillejord las upp rekneskapen, som vart godkjend. So vart det val på nytt styre for laget.

Desse vart valde: Form. Gunnar Nese 23 røyster.

                               Varaform. Gunnar Eikefet 15 .

                               Kassastyrar. Guttorm lillejord 10.

                               Skrivar. Jakob Ness 20.

Einar Eide vart samrøystes attvald til medlem av husastyre. Som nytt medlem av husastyre vart vald Gunnar Nesse. Einar Eide vart ogso attvald som bibliotekstyrar. Håvard Wiik vart vald til bladstyrar. Medskrivarar vart: Kari Nesse, Gemina Eide, Olav Nesse & Gunnar Eikefet. Etter at dei ymse val var avgjordt, takka formannen for året som gik og rosa laget for godt arbeid, samt ynskte laget lukka til i det nye året. Møte slutta med songen ”Kva me vil, ungdomsflok”. Deretter vart det leik. Frammøtt 31 medlemar. Skrivar Jakob Ness.

 

Sundag 19de februar var det møte i mållaget. 27 medlemar var frammødt. Møte opna med songen ”Gud signe Norigs land”. Deretter las H. Wiik upp ”Ervingen”. Det var uvanleg mykje godt og morosamt innhald. Av aktuelle saker stod plantesaki fyrst på lista. Det var spursmål um laget skulde kjøpa plantar frå Stamnes skoglag eller um det skulde stå tilslutta ”Norsk Skogselskap” og ta sine plantar herifrå. Laget måtte i så fall betala 10 kr. I innmeldingspengar. Det vart beslutta å melda laget inn i ”Norsk Skogselskap”. Andre sak var fest i påsken. Det vart beslutta at festi skulde væra som vanleg, med mat, åresalg,skodespel og dans. Til å taka ut skodespelare og velja stykje vart vald ei nemd. Nemdi var: B.Jacobsen, Solveig Møster, kari Nesse og Gunnar Nesse. Til ny bladstyrar vart vald E. Eide. Medskrivarar: Guttorm Lillejord, Andreas Eide, Aslaug Møster og Jacob Ness. Saklista var demed ferdig og formannen las upp et morrosamt stykje. Møte slutta med songen ” No soli bakom blåe fjell” Skrivar Jakob Ness.

 

På møtet sundag 26de mars vart det beslutta at festi i påsken skulde vera 1de påskedag. I komiteen vart vald: Ola Eide, G.Lillejord, aslaug Eide, ragnhild Tyssen,Aslaug Møster. Ervingen vart ikkje opplesen. Jakob Ness skrivar.

 

På møtet i mållaget, sundag 30de april vart møtet opna med fyrste verset av: ”Gud signe Norigs lann”. Deretter vart ”Ervingen” oplesen. Håvard Vik vart vald til medlem av husstyre. Til skrivare i ”Ervingen” vart vald: Nils Møster, einar Eide, kari Nesse, aslaug Eide og Oskar Eikefet. Etter litt diskusjon vart det beslutta å løyve 150 kr til huse. 17mai skulde laget planta gran. Til 17mai komite vart vald Arth. Jacobsen, Arne Straume, kari Nesse og Borgny Straume. Gunnar Nesse fråsa seg formandsplassen. Møte sluttet med sidste vers av ”Gud signe Norigs lann”. Jacob Ness skrivar.

 

Eidsfjord Mållag var på granplanting jå Anna Eide den 17de mai. Det var 24 gutar og jentor som var med å planta 1445 granplantar i Bakarviki. Seinare på dagen var det fest i Ungdomshuset med ymse kappleikar og etterpå vart det dans. Gunnar Eikefet.

 

Møte vart halde  /6- i Ungdomshuset. Det vart styrt av nestform. ”Ervingen” vart upplesen av Solveig Myster. Det vart vedteke at at laget skulde hava fest i jonsokhelgi. Til å spela eit spelstykke vart vald: Solveig Myster, Kari Nesse, Aslaug Myster, Aslaug Eide, G. Lillejord, Nils Myster, G. Eikefet, Arthur Jakobsen og J.V.Ness som instruktør. G. Eikefet.

 

Fest vart halde jonsokdag i Ungdomshuset. Det vart teke til med songen: ”Kva me vil”. Deretter heldt Karl Sjurseth eit godt foredrag um ungdomsarbeidet. So vart der mat og deretter vart spelstykket ”Kjærleikenrår” framsynt og etterpå dans. G. Eikefet.

 

Møte vart halde i Mållaget 5/11-33. Det vart styrt av nestform. Sak nr. 1 var ein søknad frå songlaget um eit tilskot på 50.00kr til orgelet. Då desse pengane var innbetalte før som lån mot pant i orgelet vart det ein heil diskusjon og tilslutt vald ei nemd på tri mann til å ordna med saki, det var E.Eide, H.Wiik og G Eikefet. Til Bladstyrar for ”Ervingen” vart vald Arthur Jakobsen og som medskrivarar H. Wiik, G. Eikefet og Nils Myster. Vart vedteke å få ein bokkasse frå Statens Vandreboksamling. Til å taka ut bøker vart vald: E. Eide, H.Wiik, H.Eikefet og Gemina Eide. Vart framsett forslag um å taka arbeidet opp for Bruvik Historielag, og etter litt diskusjon vart Nils Myster vald til å samla inn medlemer for laget. Tilslutt vart framsett forslag um å forandra Mållaget til Ungdoms-lag og melda seg inn i Hordalands ung-domslags-samlag. Etter ein litt krass ordstrid vart det pålagt n.form. å skaffa meir klårheit i saki til neste møte. Det vart avslutta med songen: ”Å leva det er å elska” G. Eikefet.

 

Møte vart halde i Mållaget 10/12 1933. ”Ervingen” vart ikkje opplesen. Det vart opplese ein skrivelse som den nemdi som hadde med orgelsaki å gjera, hadde sett saman etter laget sitt ynskje. Skrivelsen vart godteken av Mållaget og vart bestemt å senda han som han var til songlaget. Då det var rimeleg at det vilde koma meir til er han uteleten her. Det vart bestemt å hava joletrefest 4de dag jol og til komite vart vald: Nils Myster, Olav Eide, Arthur Jakobsen, Solveig Myster, Aslaug Myster og Aslaug Eide. Saki um Ungdomslag vart utsett til årsmøte. G.E.

 

Joletrefest vart halde i ungdomshuset 4de dag jol. Det vart opna med eit stykkje oplese av G. eikefet, etterpå vart det gong rundt joletreet, oplesing og joleleikar skiftevis utetter kvelden. Gunnar Eikefet

 

Eidsfjord Mållag hadde årsmøte i ungdomshuset 14-1-34. Møte tok til med song. Gunnar Eikefet las upp ”Ervingen” Desse saker vart so fyrehavde: Saki um orgelet vart overrøysta soleis: 19 stk røysta for at orgelet skulde verta huset si eiga når mållaget fekk brigda litt på reglane som songlaget hadde sett upp. Saki gjekk attende til songlaget. So vart det val på nytt styre. Nils Myster vart vald til frm. med 12 røyster. Arthur Jakobsen nrf. Med 10 røyster. Johan Jakobsen kasserar med 7 r. kari Nesse skrivar 7 røyster. Det gamle husastyre vart kasta og som nytt styre vart med:Gutorm Lillejord med 9 røyster Martin Flatekval 8 røyster. Til biblotekstyrar vart vald Arthur Jakobsen, samrøystes. So vart det sett fram forslag um å få mållaget over til ungdomslag, men det vart nedrøysta. F.m. G. Eikefet takka for godt samarbeid i året som var gjenge og ynskte laget god framgang i komande år. Møtet vart so avslutta med ein song. Frammøte var bra. Kari Nesse (skrivar)

 

Eidsfjord mållag hadde møte i ungdomshuset laurdag 3/2-34. Møte tok til med songen ” Kva me vil ungdomsflokk”. So las fm. Op eit stykke. Deretter fekk me møteboki oplesi. Saklista: Det var spursmol frå Øystein Lillejord, som er ombodsmann for ”Gula Tidend” om nokon av mållagsmedlemane vilde tinga bladet. Det fall burt. So var der tale om å kjøpa nokre nye bøker til boksamlingi, men det vart utsett, då der var so lite pengar i kassen. Den berømte orgelsaki, vart endeleg avslutta, då songlaget gjekk med på å endra reglane slik som mållaget ynskte. Deretter vart morsfesten diskutera, og då dei fleste var for at me hadde fest, som vanleg, vart der vald ei nemnd som skulde ordna med alt. Desse vart valde: G. Lillejord, J Nordheim, Magnhild Eide, Gemina Eide, Kari Nesse. Til den påtenkte fest i Påskhelgi, vart vald ei nevnd som skulde taka ut spelstykke, og velja spelarar. Det var: Einar Eide, B. Jakobsen, Kari Nesse, Solveig Møster. Deretter las frm. op eit kort stykke: Bestefar fortel. Avslutning med songen: Det dagast i Norig. Tilstades 14 medlemer. Kari Nesse (skrivar)

 

Morsfest vart halde i ungdomshuset den 11/2-34. Mållaget arrangerte med assistanse av songlaget. Festen vart opna med ein prolog for dagen, og deretter gav songlaget nokre nr. So vart det kort tale av Erik Møster. Songlaget gav so nokre nr. og deretter matykt. Bordi var mest duka med masnge vakre kakor og etter som det høyrdest ut etter at dei var etne, so var dei gode og. Etter maten las Solveig Møster op ”Ervingen”. Sidan skifte det utetter kvelden med oplesing og korsong. Festen slutta kl. 8. Kari Nesse.  Skrivar

 

Eidsfjord mållag hadde møte i ungdomshuset 25-2-34 kl. 6. Form. Styrde møtet. Det vart opna med songen: ”Gud signe vårt dyre fedreland”. ”Ervingen” vart oplesing av Solveig Møster. Nytt bladstyre vart: Arne Straume, Mertin Flatekval, Arthur Jakobsen, Gutorm Lillejord, Kari Nesse. Festen i påskhelgi vart diskutera. Det vart vedteke å sende etter skodespelet:”På Listøl”, og gå i gang med øvelsane so snart me fekk bøkene. Til spelarar vart valdt: Solveig Møster, Kari Nesse, Gemina Eide, Einar Eide, G. Lillejord, Johan Jakobsen. Til festkomite vart vald: Arthur Jakobsen, Olav Eide, Andr. Eide, Margit Eikefet, Aslaug Eide, Esther Møster, Bergliot Nesse, Ragnhild Hagen, Klara Nesse. Deretter las Arthur Jakobsen op eit stk.: ”Sterke menneskje.” So vart spursmålskassa tømd. Det viste seg å vera bra mange spursmål, etterdi det var fyrste gongen. Alle spursmåla vart svara på med same, det såg ikkje ut for at nokon hadde lyst å svara på dei i bladet. Form. Las so op eit stk. frå N.M. som heitte ” Sumarkveld”. Avslutning med songen ”Kva me vil”. Etter møte, folkeviseleik. Frammøte var bra. Kari Nesse (skrivar)

 

Eidsfj mållag heldt fest i ungdomshuset påskedagskvelden 1ste april 1934. Form. Opna festi og ynskte alle velkomne. So vart der upplese ymse stykke og noko gramofonmusikk. Mat og kaffi vart delt utyver benkene. Deretter vart framsynt skodespelet ”På Listøl”. Sidan skifte det med leik og gaman utyver til dei fyrste morgontimar.-s.—r-

 

Eidsfj. Mållag hadde møte i ungdomshuset sundag 29 april 1934. Møtet tok til med song no 130. So vart ”Ervingen” upplesen av Arne Straume. Nytt bl. Styre vart, Guttorm Lillejord, E. Myster, Håvard Vik, Olav Eide og Gemina Eide. Dryfting um me skulde ha planting 17de mai. Det vart vedteke at me skulde ha planting og kjøpa 1000 granar. Skodespel Jonsokk? Det vart nedrøysta men vart vedteke å ha korgfest i staden. Tala litt um vask av huset, planering av plassen, veg og gjerde, men dei saker vart yverdregne til husastyret. Spursmålskassa vart tømd. Der var ein heil del spursmål. Songen ”Kunnskap skal styra”. –s.—r.

 

Eidsfjord mållag hadde planting laurdag 19de mai. Plantefeltet var i Brørvik. Frammøtet var sers dårleg. –s.---r.

 

Eidsfjord Mållag hadde møte i ungdomshuset sundag 10 juni. -34. Møtet byrja med song nr.226. Upplesing av ymse stykke. Spursmålskassa vart tømd. Pengeløyve til huset. Det vart vedteke å løyva kr. 80.00 Litt prat um dei ymse blad laget hev. Diskusjon um festi jonsokk.Det vart vedteke å selja mat ved disk og ikkje ha korgfest som fyrr tenkt. Festi vart sett til laurdag fyre jonsokk. N.M las eit stykke frå Norsk Ungdomsblad. Tilslutt song nr. 134.-s.---r.

 

Fest vart halde i ungdomshuset laurdagskveld 16de juni-34. Upplesing av ymse stykke. Aresalg som gjekk heller tregt. Festmat var heimebaka kakor og lefsor som gjentone kom med. Matsalget var ved disk. Sidan gjekk dansen lystig utyver natti. Heller lite frammøte. Dårleg ver! –s.---r.

 

Eidsfj. Mållag hadde sit fyrste møte etter sumarferien sundag 23-9-1934. Møtet vart opna med songen no 95. Upplesing av ymse stykke. Spursmålskassa. Ordskifte um haustfest. Det vart vedteke å prøva øva inn eit lite skodespel å so ta festi snarast mogeleg. Til helseråd for ”Ervingen” vart valdt Guttorm Lillejord, N. Myster, M Flatekval, Oskar Eikefet, Margit Eikefet, Ester Myster.Møtet slutta med songen Gud signe vårt dyre fedreland. –s—r.

 

Eidsfj Mållag hadde haustfest i ungdomshuset laurdag 13/10-34. Form. Opna festi. So vart framsynt spelstykket ”Formål Ekteskap”.  Spelarar var Gemina Eide, Aslaug Eide og Klara Myster. Mat og kaffi vart servert rundt benkene. Johannes Otterstad viste fram spelstykket ” Ein ihukomelses-kunstnar”. Sidan skifte det med åresalg og dans utyver natti. –s.---r

 

Eidsfj Mållag hadde møte sundag 16 des 1934 Møtet tok til med song no 241. ”Ervingen” hadde hatt ein heil ferie, men bladstyraren Guttorm Lillejord hadde vore meisterleg til å få liv i han att. Nytt bl.styre vart Oskar Eikefet, N. Myster, Gemina Eide, Bernh Jakobsen. So vart sett fram spursmål um laget skulde ha joletrefest i joli. Det vart vedteke å ha joletrefest 4de dag jol. I festnemdi vart valdt: Guttorm Lillejord, Anton Leiro, Alf Jakobsen, Gemina Eide, Åslaug Myster, Ingeborg Eikefet, Bergliot Neset. Form. Las eit humoristisk stykke frå Norsk Ungdomsblad. Tilslutt vart sunge ”Til lags åt alle kan ingen gjera” Skrivar ---s.---r.

 

Eidsfj Mållag hadde joletrefest 4de joledag. Form. Ynskde velkomen. Anton Leiro las upp eit stykke frå sjømannsmisjonens jolehefte. So vart det song rundt joletreet, med orgelmusikk av Joakim Jakobsen. Oskar Eikefet las upp ”Ervingen”. Matykt med jolebrød og kaffi. Song koret song eit par songar. Der var og eit par jolenissar som var inne, og viste fram kunstar, til mykje moro for festlyden. Sidan skifte det med upplesing, frukt, og gong rundt joletreet. Frammøte var bra. Skrivar Nils Myster.

 

Eidsfj. Mållag. Haldt årsmøte i ungdomshuset 13.januar 1935. Kl. 19. Møte vart opna med formann, med songen ”Gud signe vårt dyre fedreland”. Deretter las formann upp eit stykke. So vart det valg på nytt styre. Desse vart valde. Form. Nils Møster 19 stemmer. Nestfm. Guttorm Lillejord 13 stemmer. Kaserer Martin Flatekval 12 stemmer. Skrivar Oskar Eikefet 15 stemmer. I husastyret vart vald. Martin Flatekval 15 stemmer. Guttorm lillejord 17 stemmer. Til bladstyrar vart Aslaug Eide vald, med Gimmina Eide, Aslaug Møster, og Magnus Eikemo som medskrivarar. Der var frammøtt 23 medlemar. Skrivar Oskar Eikefet.

 

Eidsfjord Mållag. Heldt møte i ungdomshuset sundag 17 februar 35 kl. 19. Møtet vart styrd av formann. Aslaug Eide las upp ”Ervingen”. Deretter las Nils Møster upp eit stykke. Til ny bladskrivar vart vald Klara Møster. Med Ingeborg Eikefet Gutt. Lillejord, Olav Eide som medskrivarar. So vart det framhalde at me skulde hava fest med skuespel. Til å taka ut spelstykke vart vald ein komite. Nils Myster Bernhard Jakobsen og Håvard Wiik vart valde.  O.E.

 

Eidsfj. Mållag. Heldt møte i ungdomshuset II Påskedag. 3/5 kl 18. Møtet vart leidd av formann. Formann las upp eit forsettelsesstykke. So las Klara Myster upp ”Ervingen” med godt innhald. So vart det spursmål um me skulde hava planting i vår. Og kor mange planter. Det vart vedteke at me skulde hava planting 17de mai. Og planteantalet skulde avgjerast sidan av. Nils Myster og Gutt. Lillejord i saman med grunneigaren som skulde plantast hjå. Då det ikkje vart fest i påskhelgi vart det vedteke å hava festi 11 mai. Til festkomete vart vald Olav Eide, Oskar Eikefet, Leif Eikefet, Ester Myster, Aslaug Eide, Bergliot Nesse, Ingeborg Eikefet. Til nytt bladstyre vart vald Ingeborg Eikefet som skrivar og Klara Myster, Aslaug Eide, Hans Brørvik, Halfdan Eikefet som medskrivarar. O.E.

 

Eidsfj. Mållag Heldt fest i ungdomshuset laurdag 11.mai. Festi byrja kl 20 og vart leidd av formann. Ingeborg Eikefet las opp ”Ervingen” med mykje og godt innhald. So vart spelstykket ”Valsjau” av Per Årebru framsynt. Spelarar var: Klara Myster, Bernhard Jakobsen, Nils Myster, Gutt. Lillejord, Hans Brørvik. Spelet var godt spelt og vann mykje fagning. Sidan var det mat og leik utover natti ei stund.

 

Eidsfj Mållag hadde planting 17de mai i Munkabotn hjå Johs E. Myster. Det var frammøtt 15. plantare og som vanleg var det meir gutar enn jentor. Det vart planta 1000 plantar. Det viste seg so som det hev gjort andre stader der Mållaget hev planta førr at grunneigarane er for lite nøye på plassane der dei vil hava plantane nedsette. Anten er det for mykje skog føre eller er det i beitehagen eller for grunnlendt og dårleg jord med lite vokstervon for plantane. Dette hadde vore noko som for framtidi burde vore retta på. So det ein gong kann visa noko  (?) av arbeidet og utlegget som laget og eigaren hev på plantingi.

 

Eidsfj Mållag heldt fyrste møtet etter sumarhalvåret i ungdomshuset sundag 28. september kl 17. Møtet vart styrd av formann og byrja med songen: Det dagast i Noreg. So las formann upp eit humoristisk stykke. Deretter vart det val på nytt bladstyre. Til det vart vald Oskar Eikefet som skrivar med Amund Brørvik og Nils Brakestad som medskrivarar. So vart det val på komete til festi som var tilskipa til fyrstkomande laurdagskveld. Til det vart vald: Olav Eide, Amund Brørvik, Guttorm lillejord, Bjarne Haugen, Bergliot Neset og Solveig Myster. Møtet slutta med songen: Kunnskap skal styra rike og land. Frammøtt 17 lagslemar. O.E.

 

Eidsfj. Mållag Heldt fest i ungdomshuset laurdag 12 oktober 1935. Festi byrja kl 20 og vart styrd av formann. Skuespelet: Gjifta meg-aldri, vart framsynt Som spelare var: Aslaug Eide, Ester Myster, Malena Nøttveit, Nils Myster og Sigurd Eide. Skuespelet var godt spelt og vann mykje fagning. Etter skuespelet var det mat. Sidan leik utover natti. O.E.

 

Eidsfj Mållag Heldt møte i ungdomshuset sundag 13des 1935 kl 20-30- Møtet vart leidd av formann og byrja med songen ”Kunnskap skal styre rike og land”. Då den gamle ”Ervingen var utskriven i vår, og det enno ikkje var fengen ein ny hadde den ikkje vore framme på siste møti. Formann las upp eit stykke. So var det forslag um me skulde hava joletrefest. Det vart samrøystes vedteke at det ikkje skulde vera, då det skulde vera tvo joletrefestar i ungdomshuset likevel. Derimot vart det bestemt ein liti samkoma ein kveld sidan uti helgi. Det vart vald ein liten komete til å ordna med det, Valde vart: Bergliot Nesset, Olga Otterstad, Olav Eide, guttorm Lillejord. Som nye bladskrivarar attåt dei gamle vart vald. B. Jakobsen, Leif Eikefet. Møtet slutta med songen ”Det er brotne kvistar i alle skogar”. Frammøtt 17 lagslemar.

 

Eidsfjord Mållag! Heldt morrosamkveld i ungdomshuset laurdag 28 des. 1935. Samkoma byrja med musikk av Severin Gullbrå. Sidan var det utdeling av frukt, åresalg, og leik utover kvelden. Referent Oskar Eikefet.

 

1936 Eidsfjord Mållag hadde årsmøte 12 januar 1936 med dårlegt frammøte. Der møtte 12 medlemar. Formannen ynskte alle velkomne til årsmøtet. Oskar Eikefet las upp ”Ervingen” med mykje og godt innhald. So vart møteboki upplesi. Rekneskapen var ikkje framlagt sidan kassastyraren visste ikkje um møtet. So vart det val på nytt styre. Desse vart valde: Oskar Eikefet form med 11 røyster. Nils Myster n.form med 9 røyster. Martin Flatekval kassastyrar 12 røyster. Guttorm Lillejord skrivar 8 røyster. Som ny bladskrivar vart vald Ester Myster. Med-skrivarar: Olga Otterstad, Olav Eide, Guttorm Lillejord. Form. Takka for seg og ynskte den nye form. Lukka i det nye året. Møtet slutta med songen ”Vakna-Vakna”. I husa styret  vart vald: M. Flatekval, Guttorm Lillejord.Til bibliotekar vart vald Nils Myster.

 

Eidsfj Mollag hadde møte 26 januar 1936. Møtet var styrt av form. Ester Myster las upp Ervingen, som nye skrivarar vart valde: Guttorm Lillejord Skrivar, med medskrivarar Oskar Eikefet, Nils Myster, Bergliot Neset. Det var skriv frå Gula Tidend med spurdna um ny lut i Gula Tidend, men saki vart lagt burt. Sidan interessa for laget var liti, medlemane møtte ikkji upp på møti, kom Nils Myster med eit forslag um å skipa ei programnemnd som skulde syta for programet til neste møte. Valde vart: Oskar eikefet, Martin Flatekval, Amund Brørvik, Olav Eide, Guttorm Lillejord. Amund Brørvik las upp eit morosamt stykke og eit ditto av Nils Myster. Møtet slutta med ein aller so liten svingum.

 

Mållaget hadde møte den 16 februar. Guttorm Lillejord las upp Ervingen. Til ny bladskrivar vart vald Nils Myster. Medskrivara Bernhard Jakobsen, M Flatekval, Olav Eide. Deretter vart det ein ivrig debatt um me skulde ha Skåtårs fest eller ikkje: Som de veit står det kvinnor bak um alt, og det var det sikkert i dette stykkjet og, me laut laga til fest for kvinnfolket den 29 Februar. Til slutt las Oskar Eikefet upp eit godt stykki på riksmål for å roa nervena.- på kvinnfolkvis.

 

Den 29 februar hadde mållaget Skåtårsfest, som gjekk vellukka av stabelen. Kvinnfolki rigga seg til med bløta-kake, og mannfolki får-åt seg mesta. Ei ny skåtårsvisa vart gaula ut i salen, med fin orgelmusikk att åt. Dansen gjekk med liv og lyst ut yver kvelden, etter som karane kjende ansvare gjekk meir og meir yver på kvinnfolka.

 

Den 26 april hadde mållage møte. Amund Brørvik las upp Ervingen med godt innhald. Det vart vedteke at mållaget skulde ha planting den 16 mai. Form. Fyreslo at mållaget måtte ha fest fram på våren. Ei spelnemnd vart vald å ta ut eit skådespel. Desse vart valde: Oskar Eikefet, Bernhard Jakobsen, Nils Møster, Guttorm Lillejord.

 

 Mållaget hadde planting den 16. mai på Leiro. 1000 plantar vart planta.

 

Laurdag 27 juni hadde mållaget fest. Skådespelet ”Når Kjærleiken rår” vart framsynt. Spelarane var: Oskar Eikefet, Amund Brørvik, Einar J. Eide, Gunnlaug Mostraum. Spelet vart godt framsynt. So vart det dans utyver kvelden. Prestegård spela.

 

Mållaget heldt møte i ungdomshuset sundag 22/11 36 kl 6.00, møte var styrt av formannen. Og tok til med songen ”at far min kunne gjera” Anna Myster las upp ”Ervingen”. Til ny bladskrivar vart vald Nils Myster med Gunnlaug Mostraum, Bergliot Neset, Guttorm Lillejord som medskrivarar. Der vart gjeve tilskot tinging av Nynorsk Vikeblad. Og 7 stykkje tinga bladet  til nyttår. Dessutan vart det seldt brevmerke for Noregs Mållag. Upp lesning av Oskar Eikefet og Nils Myster. Dessutan var det (fort og?) um diskusjon på møte. Tvo stykkje: Skulde halda foredrag til det vart ved Gunnlaug Mostraum, Harald Møster. Møte slutta med songen ”Vort land vort land”.

 

Mållaget hadde møte 6/02 -36 Nils Myster las upp ”Ervingen” til ny bladskrivar vart vald Amund Brørvik medskr:  Andr Eide Oskar Eikefet, Olga Otterstad. Deretter heldt Gunnlaug Mostraum eit lite foredrag. Komite til joletre fest vart vald: Erling Møster, Olav Eide, Gunnlaug Mostraum, Margit Eikefet, Anna Myster. Emne vart diskutera: kven nyttar tidi si best, gut eller jenta. Møtet slutt.

 

Eidsfjord mållag hadde møte den 20/12 36. Amund Brørvik las upp ”Ervingen” med serdeles godt innhald. Til ny bladskr. Vart vald Malena Lillejord, medskrivar Nils Myster, Olav Eide, Bergliot Neset, Anna Myster. Diskusjonsemnet Kven er mest økonomisk gut eller jenta? Skulde diskuterast på neste møte. Møte slutt.

 

Mållaget hadde Joletrefest 3 joledag. (Til orientering?) G. Lillejord skrivar

 

Eidsfjords Mållag hadde årsmøte den 10-1-37. Møte byrja med songen: ”At far min kunne gjera”. Oskar Eikefet las upp ”Ervingen” med mykje og godt innhald. So vart møteboki upplesi av Guttorm Lillejord. Martin Flatekval las upp årsrekneskapen, som vart godkjed. So vart det val på nytt styre. Desse vart valde: Oskar Eikefet som form. Med 18 røyster, Nils Myster som varaform. med 14 røyster, Martin Flatekval kasserar med 20 røyster. Olav Eide skrivar med 17 røyster. Til husastyre vart vald, M. Flatekval Nils Myster einstemt. So vart det diskusjon yver emne: Kven er mest økonomiske gutane eller gjentone? Men då me ikkje kom til noko resultat laut me slutta møte med songen: ”Kunnskap skal styra rike og land”.

 

Eidsfjords Mållag. Hadde møte i ungdomshuset den 31-1-37. Møtet byrja med songen: ”Jeg har båret lerken vinge”. Møtet vart styrt av form. Oskar Eikefet. Ervingen vart upplesen av Bergliot Neset med mykje og godt innhald. Til ny skrivar vart vald Harald Myster. Medskrivarar vart Gunnlaug Mostraum, Anna Myster, H. Eikefet og M. Flatekval. Desse saker vart framlagde: Søknad frå husastyret um pengeløyving til ungdomshuset. Det vart vedteke ei løyving på kr 75. Martin Flatekval las upp eit stykke med godt innhald.Til å halda foredrag til neste møte vart vald Olga Otterstad. Møtet slutta med songen: ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

 

Påskefest. Fyrste påskedag hadde mållaget fest i ungdomshuset Bruvoll. Festi byrja med dans. Sidan vart det mat og loddsalg. Deretter tok dansen til at. Olav Birkeland var leigd spelemann. Der var godt frammøte både av innan- og utanbygds folk. Dansen heldt fram utetter natti. Referent Olav Eide.

 

Eidsfjord Mållag og Eidsfjord Musikklag heldt 17de mai festlegheit i saman i ungdomshuset den 17 mai som i år treffte på II pinsedag. Festi tok til klokka 14  med festtog frå Stølabrotet til Kvernhusi og tilbake til ungdomshuset. Musikk laget spela fyre toget so vart talen halden av lærar R Hausli (?). Etter på vart det ymse kappleikor av gutar og gjentor. Utover natti vart det litt dans. Med musikk av Bernhard Mostraum. Der vart frammøtt nokre deltagarar frå Mostraum. Oskar Eikefet.

 

Eidsfjord Mållag Heldt møte i ungdomshuset sundag 6. juni 1937 kl 19. Då ikkje lagsbladet var til stades las formann upp nokre stykker av ”Norsk ungdom” So vart det diskusjon um me skulde leiga motor og reisa til Hordastemna i Valestrandfossen laurdag og sundag 19-20 juni. Det var mange som sa seg å vera med og det vart derfor beslutta å få motor til å ganga. Oskar Eikefet.

 

Eidsfjord Mållag skipa tur med m/b Falken til Hordastemna i Valestrandfossen laurdag 19 juni. Båten gjekk frå Eidslandet kl 14. Deltakarane var som altid få når nokon skal skipa tur herifrå. Men dei få som var hadde ingen ting å angra på då veret var sverande fint og programmet usedvanlegt godt på stemna. Båten kom tilbake til Eidslandet ssøndagskvelden kl. 24. Oskar Eikefet skrivar.

 

Eidsfjord Mållag hadde fyrste møte etter ferien sundag 5/9 1937. Formannen styrde møtet. Han ynskte alle velkomne og framgang for laget framyver vetteren. ”Ervingen” vart upplesen av Nils Myster. Innhaldet var bra. Etter at han hadde lese ”Ervingen” las han upp eit skjemtestykke som fekk låtten fram. Deretter vart det dryft kvatid haustfesti skulde vera, og um me skulde hava skodespel eller ikkje. Resultatet vart at festi skulde vera laurdag 11/9. Men då det var so mykje arbeid med istandsetjing av sena, og so stutt øvingstid til skodespelet, vart det vedteke å sløyfa skodespelet denne gongen. Til festkomite vart valt: Jakob Neset, Harald Myster, Askjell Myster, Anna Myster, Solveig Myster, Klara Nese og Aslaug Hagen. Spursmål um å flytta Mållaget sinebibliotekbøker til ein meir central plass, vart utsett til eit seinare møte. Til nye skrivarar av ”Ervingen” vart valt: M.Lillejord, styrar, medskrivarar: O. Eikefet, Harald Myster, Johs. M. Myster. Det var frammøtt 20 medlemer. Møtet vart slutta med songen:”Dei gamle fjell i syningom”. Jakob Neset Refr.

 

Mållaget hadde haustfest laurdag 11. september. Veret var strålande fint og mykje folk møtte fram. Både frå Stamnes og Mostraum var det mange tilreisande. Bernhard Mostraum spela. Jakob Neset Refr.

 

Målaget hadde møte 12/12 -37 Møtet vart styrt av varaform. Nils Myster. Han las fyrst upp eit stykkje or Nynorsk Vikeblad. Deretter vart ”Ervingen” upplesen av Malena Lillejord. Innhaldet var sers godt og vann stor fagning. Deretter eit stykkje or Nynorsk. Formannen las upp eit skriv frå ”Gula Tidend” som uppmoda Mållaget til å ytaitt tilskot til underskotet ved bladet si pressa, kr 18.- Men då Mållaget ikkje såg seg råd til dette, vart det ikkje stetta. Derimot vart det løyvt kr 25,- til huset då husakassa var tom. Nye skrivarar av ”Ervingen” vart: Jakob Neset, Nils Myster, Harald Myster og Olga Nottveit. Joletrefesti vart diskutera. Det vart vedteke å hava festi torsdag 30te desember, med dansefest nyttårsaftan. Komiteen for båe festene vart: Olav Eide, Harald Møster, Johan Mostraum, Askjell Myster, ragnhild Straume, Bodil Bøtun og Aslaug Hagen. Dermed var saklista ferdig, og deretter vart det folkeviseleik. Frammøtt 18 medlemer. Jakob Neset Refr.

 

30te desember heldt mållaget joletrefest. Fyrst vart det gang um joletreet. Deretter vart ”Ervingen” upplesen av Jakob Neset. Arnljot Lillejord las upp eit skjemtestykkje av Ivar Åsen. Det vart utdelt matpakkor med kaffi til. Festen vart avslutta med folkeviseleik.

 

Nyttårsaftan var det dansefest. Nils Høvik spela. Storparten av festlyden var bygdafolk. Jakob Neset Referent.

 

!938. Sundag 9/1 var det årsmøte i Eidsfjord Mållag. Det byrja med songen ”Kva me vil, ungdomsflokk”. ”Ervingen” var tom denne gongen, og difor las form. Upp eit stykkje or ”Nynorsk Vikeblad”. Olav Eide vart vald til ny bladstyrar og medskr. Vart: Bjarne Hauge, Guttorm Lillejord, Malena Lillejord og Bergljot Nest. Nils Myster sa ifrå seg attval som form. Og rådde til å velja Harald Møster som sin ettermann. Men ved røysting vart Olav Eide ny form. Med 8 røyster, og Harald Møster nestform med 9. M. Flatekval kasserar med 13 røyster. Jakob Neset vart samrøystes attvald som møtebokførar. Nestform. vart bibliotekar. I husastyre vart vald Harald Møster og Jakob Neset. Martin Flatekval las upp kassarekneskapen som vart samr. Godkjend, og Jakob Neset las upp møteboki. Deretter takka Nils Myster for dei åri han hadde vore form. Og ynskte lukka med den nye og framgang for Mållaget i det nye året. Medlemstalet var i 1937 heilt nede i 13, men form. Vilde vona att talet måtte auka i 1938. Avslutning med songen: ”Dei vil altid klaga og kyta”. J.Neset skrivar.

 

Mållaget hadde møte sundag 6te febr.,styrt av Olav eide. ”Ervingen” hadde godt innhald. Nytt bladstyre vart: Askjell Myster, J. Neset, Nils Myster, Aslaug Hagen & Bodil Bøtun. Det vart løyvt 75 kr. Til huset. Form. Las upp melding frå Norigs Mållag um at årsmøtet vart i Oslo den 13 februar, og at det i dette høvet skulde gå ekstratog frå Bergen. Han spurde um me skulde velja ein utsending til årsmøteteller senda inn ei fullmakt som han hadde fenge. Me valde det siste, og der med var møtet slutt. J.Neset skrivar.

 

Mållaget hadde møte sundag 3.april. Det var frammøtt berre nokre stakkars mannfolk. Men dei få som var sytte for at alt gjekk etter programmet. Fyrst song me tvo vers av ”Gud signe vort dyre fedreland”, med orgelmusikk av G. Lillejord. Deretter las Askjell Myster upp ”Ervingen” med lite men godt innhald. Harald Myster vart ny bladstyrar. Komiteen til påskefesti vart: Harald Myster, Olav Eide, G. Lillejord, Olga Nottveit, Aslaug Hagen og bodhild Bøtun. Til slutt dei to siste versi av ”Gud signe vort dyre fedreland”. Skirtorsdag var det fest i Mållaget. Spelemannen gjorde svenske av seg og kom ikkje. Difor måtte Nils Høvik taka den jobben. Festen tok til kl. 8 og varde til kl.1. Billetten var kr 0.75 for maten, og 0,75 for dansen. J. Neset, skrivar.

 

Eidsfjord Mållag heldt sumarsfesten laurdag den 20/8-38. Veret var surt og ufyseleg, men likevel var det mykje folk. Spelemann var Sigurd Olsnes. Bevertningen var brus og bollar, kringlor og varme pylsor. Heile inntekte gjekk til huset.

 

Mållaget heldt møte sundag 25/9-38, styrt av Harald Myster. ”Ervingen” var tom. Til nye skrivarar vart valt: Bodil Bøtun, Margit Eikefet, Klara Nesse, Jakob Neset, og Johan Mostraum. Deretter vart haustfesti diskutera. Det vart vedteke at festi skulde vera utan skodespel, med mat og kaffi, åresal og dans. Festkomite: Harald Myster, Askjell Myster, Jakob Neset, Johan Mostraum, Inger Hauge, Bodil Bøtun, Klara Nesse, og Margit Eikefet. Jakob Neset skrivar.

 

Laurdag 1ste oktober var det haustfest i Eidsfjord Mållag. Festi tok til kl. 8., med  musikk av Grøsland. Bodhild Bøtun las upp ”Ervingen” med godt innhald. Deretter vart det matykt. Sidan skifte det med åresal og dans utetter natti.

 

Sundag 30 oktober var det mållagsmøte, styrt av nestform. Det byrja kl. 8. presis, med songen: Ja, vi elsker.” Deretter las Anna Myster upp ”Ervingen”. Innhaldet var lite, men sers godt. Nytt bladstyre vart: Ragnhild Hagen, Ingvald Myster og Einar J. Eide. Deretter gjekk me over til saklista. Ei rekning på lagsskatten vart levera til kasseraren for Mållaget. Form. Las upp eit skriv frå styret for Vestlandske Mållag med spurnad um me vilde hava ein ferdatalar i bedagshelgi. Dette vart vraka.—Ei oppmoding frå Vestlandslutspelet um å yta gåvor til målsaki på Vestlandet vart heller ikkje imøtekomi. Heller ikkje ein spurnad frå Norsk Barneblad um å spreida ”Joletre”. Men derimot vart det vedteke å byrja å øva på skodespelet ”Laurdagskveld”. Til dette vart valt: Askjell Myster, Jakob Neset, Ingvald Myster, Anna Myster, Margit Eikefet, og Ragnhild Hagen, og dessutan Bernhard Jakobsen som instruktør. Dermed var saklista ferdig, og møtet vart avslutta med songen:”No livnar det i lundar”. Jakob Neset, skrivar.

 

Sundag 18 desember var det Målagsmøte styrt av Harald Møster. ”Ervingen” vart ikkje upplesen. Joletrefesti og Nyttårsfesti vart diskutera. Komiteen for joletrefesti vart: Torvald Hillesvåg, Bjarne Hauge, G. Lillejord, Åsmund Nese, Margit Eikefet, Ragnhild Straume, Inger Hauge, og Anna Myster. Og til Nyttårsfesti: Bergliot Neset, Klara Nese, Ragnhild Straume, Einar J. Eide og Knut Ekse. Form las upp eit skriv med spurnad um me kunde selja nokre skrifter av Ivar Åsen, men der var ikkje noko stemning for dette.

 

Den 29 desember var det joletrefest i Mållaget. Etter at form. Hadde ynskt velkomen, vart det gang kring joletreet. Deretter las Ragnhild Hagen upp ”Ervingen”. Matykt. Jolenissane sytte for fruktutdelingi. Margit Eikefet las upp eit stykkje. Festi vart avslutta med folkeviseleik. Nyttårsaftan var det dansefest som byrja kl. 8. Bernhard Mostraum, som skulde spela, var reist på fiske og kunde ikkje koma. Difor måtte Nils Høvik spela. Spelstykket ”Laurdagskveld” vart framsynt. Festi slutta kl. 2. J.Neset, skrivar.

 

!939. Sundag 29de januar var det årsmøte i Eidsfjord Mållag. Det byrja med songen: ”Ja vi elsker”. Deretter las Ingvald Myster upp ”Ervingen”, med godt innhald. Til ny bladstyrar vart vald Jakob Neset, og medskrivarar: M. Flatekval, Harald Myster, Askjell Myster, og Bjarne hauge. Deretter vart det val av nytt styre. Desse vart valde: Formann Harald Myster, 10 røyster. Varaform. Bjarne Hauge, 9  Skrivar Jakob Neset 11 Kassastyrar M.flatekval 11. Harald Myster vart attvald i husastyret. I J. Neset sin stad vart Bjarne Hauge. Etter framlegg av kasseraren for huset vart det løyvt kr 100.- til avdrag på Mållaget sitt pantelån i Br. Sparebank. Det var frammøtt berre gutar. 11 stk. som alle teikna seg som medlemer. Møtet vart avslutta med songen: ”Dei vil altid klaga og kyta”. J.Neset, skrivar.

 

Mållagsmøte. Sundag 19de febr. Var det møte i Eidsfj. Mållag, styrt av Harald Møster. Møtet vart opna med 2 vers av ”No livnar det i lundar”. Deretter las Jakob Neset upp ”Ervingen”. Ny bladstyrar vart Margit eikefetm medskr. G.Lillejord, Inger Hauge & Einar J. Eide. Der teikna seg 8 medlemer. Form. Sette fram forslag um å melda laget ut or Vestlandske Mållag og melda det inn i Hordaland Ungdomslag. Dette vart vedteke utan noko motlegg, då medlemspengane i båe lagi var den same. Det vart vedteke å skipa ei fest berre for mållaget sine medlemer. Det vart noko ordskifte um dette. Sume vilde hava ei vanleg dansefest med spelemann og greier, andre vilde hava berre ei samkoma for lagslemene og nytta gramofon. Men då ver og før var slik at ein ikkje kunde venta noko folk vart det vedteke å hava berre lagsfest. Til komite vart valdt: J Neset, Bj. Hauge, Askjell Myster, Bergljot Neset, Anna Myster & Margit Eikefet.Komiteen vart pålagd å syta for program for festen. Møtet slutta med songen: ”Når som i Norig i sylvkåpa glimer”. J. Neset, skrivar.

 

Fest. Laurdag 4 mars heldt Eidsfjord Mållag fest for sine medlemer. Kl. 8. vart samkoma opna med songen: ”Kva me vil”. Deretter steig lærar Wergeland på talarstolen. Han fortalde ymse frå ei Nordlandsferd han nyleg hadde gjordt. Me fekk eit godt bilete av folket, naturi og livevilkåri der nord. – Talen vart vel fagna. Deretter vart det bordseta. Og med me sat til bords, vart ”Ervingen” oplesen av Margit Eikefet. Og dessutan skriv me spursmål og svar som vart lesne upp til mykje moro. Gjentone i komiteen song ein song som dei hadde sett i hop til dette høvet. Det var meiningi å syngja ein stevleik, men dette vart ikkje noko av. Etter maten vart det dans utetter natti. J. Neset, skrivar.

 

Møte. Sundag 12 mars kl. 5. var det møte i Mållaget. ”Ervingen” vart ikkje oplesen. Men Harald Myster las eit stykkje or ”Ungdomslyden”. Ny bladstyrar vart Bj. Hauge og medskr.: J.Neset, anna Myster, Arne Straume og Harald Myster. Deretter gjekk me yver til saklista. Form. Las upp eit svarbrev frå form. I Hordaland U.L. Amund reigstad der han skriv at han trur det er uturvande med namnebrigde på laget um me melder oss inn i Hordaland U.L. Men medlemene i mållaget vilde helst byta namn på laget soframt dette let seg gjera. Men då det venteleg vilde verta klus med dette med di alle papiri på huset var i mållaget sitt namn vart det valt 3 mann til å ordna med dette: Nils Myster, G. Lillejord og Harald Myster . Form hadde fenge prisliste på granplantar våren 1939. Det vart vedteke at mållaget skulde tinga 1000 gran til planting. Intresserte kunde tinga plantar gjennom laget. Prisen vart då kr, pr. 1000. So var det spursmål kva tid me skulde hava fest. Tidi vart fastsett til den 17de mai. Til å velja ut skodespel vart valt: Nils Myster, Harald Myster og G. Lillejord. Til slutt vart spursmålskassa opna. Dei som trekte spursmål svara muntleg. Til slutt songen: ” Aka på isen håle”. J. Neset, skrivar.

 

Møte Sundag 2de april var det møte i Eidsfjord Mållag, styrt av harald myster. Det tok til med songen: ”Å leva det er å elska”. Deretter vart ”Ervingen” oplesen av Bjarne Hauge. Innhaldet var godt. Ny skrivar vart Klara Nese & medskr: Askjell Myster, Anna Myster og Bergljot Neset. Til spelarar av spelstykket ”Marknadsferd” vart valt: Harald Myster, Askjell Myster, Margit Eikefet og Ragnhild Hagen. Form. Hadde snakka med Grøsland til spelemann 17de mai. Plantingi vart fastsett til laurdag 20de mai. Namnebrigde på laget var enno ikkje ordna. Til slutt songen: ”Kunnskap skal styra”. J. Neset, skrivar.

 

Foredrag. Tirsdag 24 & onsdag 25 april tala godseigar marineløytnant W. Boueheron Åmot i Mållaget. Den fyrste kvelden tala han um Kina og folket der. Den andre kvelden um Norig og retten vår til Grønland. Båe foredragi vart illustrera med ljosbilete. Talaren var no 71 år. Likevel var han åndsfrisk og tala med uvanleg  godt humør. Til kvart foredrag var det frammøtt over 80 menneske. Og dei tykte alle at dette var ein talar som var verdt å høyra. D.s.

 

Møte Sundag 7de mai kl. 2. var det møte i Eidsfj. Mållag, styrt av form. Harald Møster. Fyrst song me songen ”Vakna, vakna”. Då Klara Nese var bortreist var ”Ervingen” tom. Til ny bladstyrar vart vald Bergljot Neset, og medskrivarane var dei same som fyrre gong. Det vart løyvt 50 kr. Til huset. Programmet for 17de mai festi vart uppsett. I komiteen: Bj. Hauge, Ingv. Myster, Nils Myster, G. Lillejord, Aslaug Straume, Bergljot Neset, Anna Myster, og sigrid Byrkjeland. Til slutt:” Det dagast i Norig”. D.s.

 

Fest. 17de mai var det fest i Mållaget. Kl.2 gjekk me i prosesjon frå Stølabråtet og til Stikkflåten der lærar Wergeland tala for dagen. Etter talen attende til ungdomshuset medan musikklaget spela. Der vart det kappleikar, skytning og springing. Deretter vart det premieutdeling og kl. 7 var det mat. Kl. 9 ½ vart spelstykket ”Marknadsferd” framsynt. Sidan var det åresalg og dans med musikk av Grøsland. D.s.

 

Planting. Sundag 20.mai planta me 500 gran hjå Magnus og 500 hjå Olav Eikemo. Plantingi tok til kl. 3. og kl. 7. var me ferdige. Jakob Neset, skrivar.

 

Møte. Sundag 16de juli var det møte i Eidsfj. Mållag. Det vart diskutera eit framlegg frå husestyret um at Mållaget skulde gjeva fri grunn til Eidsland Folkebad. Dette vart samrøystes vedteke. Det vart likeeins vedteke at Eidsfj. Mållag heretter skulde heita Eidsfjord Ungdomslag, og melda oss inn i Hordaland Ungdomslag. Vedtaket var samrøystes. Harald Møster, Jakob Neset, Nils Myster, M. Flatekval, Bjarne Hauge, Askjell Myster, Sigv. Leiro, Ingvald Møster, Åsmund Nese. Det vart vedteke at me skulde hava fest laurdag 29 juli. I komiteen vart valdt: Harald Myster, Bjarne Haugen, Jakob Neset, Askjell Myster, Bergljot Neset, Sigrid Byrkjeland, Bodhild Bøtun, og Ragnhild straume. Ervingen vart ikkje opplesen. J. Neset, skrivar.

 

Fest. Eidsfjord Ungdomslag heldt fest laurdag 29de juli. Programmet var: dans, åresalg, mat og kaffi. Alt gjekk etter programmet. Det var helst lite folk avdi der var fest på Flatekval same helgi. D.s.

 

Fest. Laurdag 12te august var det fest i ungdomslaget, tilskipa av Per Thulin og ungdomslaget. Grøsland spela. Bolstad Ungdomslag var her og. Det vart selt brus og bollar i kjellaren. D.s.