Eidsland Grendalag vart skipa 1. april 1998.I møteboka står det at "Eidsland Grendalag (EG)skal arbeida til det beste for heile bygda."

 

Heile bygda vil i dette tilfellet femna om gardane Brørvik, Myster, Eide, Eikefet, Eikemo, Høvik, og Vetlejord.

 

Vidare heiter det at "Alle innbyggjarane er automatisk medlemmer i grendalaget."

 

Det vil seie at me er omlag 120+ personar.

 

Sjølv om Eidsland Grendalag vart skipa i 1998, er historia mykje lenger. Eidsfjord Ungdomslag var nemleg forgjengaren til Grendalaget frå 16.juli 1939. Før den tid heitte laget Eidsfjord Mållag. Mållaget vart skipa i 1907. Me har såleis over100 års historie å sjå attende på.

 

Sjølv om me ikkje lenger plantar nye grantre i liene rundt oss, har me sysla med mykje av det same opp gjennom tida, som kurs, foredrag, revy, idrett, dans og moro.

Eidsland Grendalag

Tekstboks: Eidsland Grendalag vart skipa 1. april 1998.I møteboka står det at "Eidsland Grendalag (EG)skal arbeida til det beste for heile bygda."

Kontaktinformasjon:

Telefon: 56595646
Mobil:958 07 047

E-post: post@eidsland.info

 

Sideansvarleg: Bjørn Arvid Ekse