
|
EIDSLAND BYGDAUTVIKLING PROSJEKTSTØTTE.
I samband med prosjektet “den grøne sløyfa” har Eidsland Bygdautvikling fått stilt til rådvelde ein eigen pott som skal nyttast til prosjekt i bygda. Eidsland Bygdautvikling ynskjer å hjelpe eventuelle “gründarar” i bygda med eit tilskot for å kome i gang med for-prosjekt / for-studier. Me har også gode kontakter innan Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge som er villige til å stille sin ekspertise til rådvelde om prosjektet er liv laga. Prosjekta må ha ein profil som gjer at dei fell under bygdautviklinga si målsetjing om auke i folketal eller skape nye/sikre noverande arbeidsplasser. Prosjekt innan natur-/miljø- og turisme vil verte prioriterte. I tillegg set me i utgangspunktet det som ei forutsetning at det skal vere planar om nye tiltak. Allereie etablerte tiltak kan ikkje rekne med å få støtte. Midlane me disponerer har me til rådvelde resten av dette året og ut 2009, så her er det berre å snu seg rundt og kome i gong. Treng De meir opplysningar er det berre å ta kontakt med oss. |
Eidsland Bygdautvikling |

|
Kontaktinformasjon: |
|
Telefon: 56595646 E-post: post@eidsland.info
Sideansvarleg: Bjørn Arvid Ekse |
|
Kontakt |